Tenester

Prosjektleiing

Alle prosjekt treng god framdrift og fortener dedikert leiing. I mange tilfeller er det også fordeler med ekstern prosjektleiar. Enten det er mangel kapasitet eller kunnskap leiier eg gjerne prosjektet ditt, det kan vere alt frå:

  • Endrings- og effektiviseringsprosessar

  • Utarbeide prosjekt- og konseptskisser

  • Styre workshopar med leiarteam og tilsette

  • Planlegging og gjennomføring av arrangement frå start til slutt

  • Søknadsskriving til prosjektmidlar og allmennyttige formål

  • Etablering av selskapsdokument i oppstart

Andre teneste

I tillegg til prosjektleiing har eg god erfaring med å vere konferansier, halde foredrag og fungere som rådgivar eller mentor, kanskje særleg for dei som tek ei litt anna veg for å nå fram.

Konferansier

Eg har erfaring som konferansier på personalsamlingar og kommersielle konferansar. Her under standard intro og ekstro, kombinert med panelsamtalar og eigne refleksjonar undervegs.

For meg er det viktig at me har ei felles forståing for kva som er viktig på ditt arrangement slik at eg kan halde i den raude tråden og skapa ei best mogleg ramme.

Foredrag

Du kan booka meg inn til foredrag og innlegg på di bedrift eller din organisasjon.

Eg skapte mi eiga karriere frå resepsjonist til direktør etter at eg ved ein tilfeldigheit hamna i hotellbransjen i 2009. Mine foredrag tek deg med på ei reise i tid frå ambisiøs ungdom utan retning til å verta ein av landets yngste hotelldirektørar.

Foredraga er meint å inspirera og utvikla deg uavhengig av ditt nivå, frå arbeidsledig til leiar:

  • Leiarskap i praksis

  • Tilfeldigheitane som formar ei karriere

Rådgivar

  • Noe om erfaring her?

  • Samtalepartner/mentor for unge leiarar