Partnarar

Her finn du ei oversikt over Fardal Lunde sine samarbeidspartnarar

Erlend Fardal Lunde er prosjektleiar for Favna sine aktivitetar i Sogn og Fjordane.

Favna driv ulike næringsnettverk med base i Bergen, og samlar leiarar, fagpersonar og bedrifter som ønskjer å utvikle seg gjennom relasjonar, samarbeid og kompetansedeling. Gjennom fagtreff, ulike aktiviteter, workshops og sosiale treff legg Favna til rette for at menneske møtest på tvers av bransjar og erfaring. Målet er å skape konkret verdi, både for den enkelte deltakar og for verksemdene dei representerer.

I Favna oppstår nye samarbeid, kundeforhold, læring og forretningsmoglegheiter. Samtidig får medlemmene tilgang til eit breitt nettverk av kompetanse og erfaring som kan bidra til å løyse utfordringar, utvikle organisasjonar og skape vekst. Favna har i dag tre ulike nettverk innanfor salg, leiing og HR, og samarbeider med ei rekkje verksemder og fagmiljø på Vestlandet.

For verksemder i Sogn og Fjordane er Favna ein kanal inn til eit større næringsnettverk på Vestlandet.  Gjennom Erlend sitt samarbeid med Favna, kan bedrifter få tilgang til relevant kompetanse, foredragshaldarar, kurshaldarar og ressursar frå eit breitt fagmiljø. 

Samtidig ønskjer vi å knyte sterkare band mellom næringslivet i Sogn og Fjordane og Bergensregionen. Difor er vi alltid interesserte i dialog med bedrifter som ser verdi i samarbeid, kompetansedeling og relasjonsbygging.

Ønskjer du å vite meir om Favna, delta på arrangement eller utforske moglegheiter for samarbeid, er du velkomen til å ta kontakt eller sjekke ut Favna HER.

Erlend Fardal Lunde er prosjektleiar for Sognefjord Event sine bedriftsoppdrag

Sognefjord Event er ein totalleverandør av arrangement. Spisskompetansen vår er bedriftsarrangement der me detaljplanlegg alt frå ansattsamlingar til store opningsfester etter dine ønskjer. Me utviklar også eigne festivalar og arrangement

For at arrangementet ditt skal vera mest mogleg rigga for suksess er det ein avgjerande faktor at nokon veit kva som trengs.

Som prosjektleiar har Erlend Fardal Lunde med seg lang erfaring frå hotellbransjen. For Sognefjord Event har han mellom anna hatt ansvar for store oppdrag for Sognekraft, Lerum og Digitalieringsdirektoratet. 

Sjekk ut og ta kontakt med Sognefjord Event HER.