Etter å ha brukt nesten heile arbeidslivet i leiarskapet ønskjer eg framleis læra og utvika meg. Eg brenn for utvikling av menneske og vil møta andre som er leiarar, har vore leiarar, vil bli leiarar eller rett og slett ønskjer skapa og utvikla noko. Leiaren skal vera ein podkast der me fokuserer på mennesket og ikkje fag! Livet på toppen kan vera tøft og einsamt om du let det vera det, gjennom denne podden er målet å finna ut om ein kan gi full gass, vera på toppen og framleis ha eit godt liv med balanse.